Høgsterett samd i forsikringsbransjens tolking av arbeidsulykkeomgrepet

Høgsterett gav 30. oktober 2024 dom på at skade etter fall på arbeidsplassen ikkje var ein yrkesskade. Med dommen har Høgsterett nok ein gong klarlagt det nærare innhaldet i kva som ligg i «arbeidsulykke» i yforsl. § 11, og dommen stadfestar at den lovtolkinga forsikringsbransjen har lagt til grunn er korrekt.

Bakgrunn og behandling av saka i tingretten og lagmannsretten

Bakgrunnen for saka er ein arbeidstakar som svima av på jobb, og som følgje av dette slo hovudet sitt i betonggolvet på arbeidsplassen. Det var semje mellom partane om at det ikkje var ytre omstende på arbeidsplassen som gjorde at han svima av.

NAV godkjente hendinga som yrkesskade, medan ansvarleg forsikringsselskap for arbeidsgjevar, Gjensidige Forsikring, avslo. Årsaka til at hendinga vart godkjent hos NAV ligg i rundskrivet; som eksplisitt seier at fallskadar som skuldast det å svime av skal vere omfatta av arbeidsulukkeomgrepet. Gjensidige Forsikring viste derimot til lovas ordlyd, som stiller krav om ein ytre årsak til hendinga. Ei slik praktisering av arbeidsulykkeomgrepet har vore lagt til grunn av forsikringsbransjen i alle år.

Oslo tingrett frifann Gjensidige, og viste til at både lovteksten samt rettspraksis frå Høgsterett trekk i retning av det gjeld eit krav om «ytre hending» for det markerte arbeidsulykkeomgrepet. Det var her ingen ytre påverknad som førte til at arbeidstakar svima av, og hendinga kunne då heller ikkje godkjennast som arbeidsulykke. I den samanheng viste tingretten til LF-2016-155765, der Frostating lagmannsrett konkluderte med det same i sak som gjaldt ein arbeidstakar som svima av og fall på eit flisgolv. Den saka vart også anka inn for Høgsterett, men slapp ikkje inn.

Arbeidstakar anka dommen til Borgarting lagmannsrett, som gav han medhald og godkjente hendinga som ein yrkesskade etter yforsl. § 11. Avgjerande for lagmannsretten var den endra praksisen hos trygdestyresmaktene, samt reelle omsyn. Lagmannsretten uttalte i dommen at det må «tillegges vekt at NAV har godkjent skaden som yrkesskade», og at vedtaket frå NAV er tufta på «fast og langvarig trygderettspraksis». Vidare viste lagmannsretten til at ordlyden «arbeidsulykke» skal forståast likt etter yrkesskadeforsikringslova og folketrygdlova, med andre ord meinte lagmannsretten at NAV si endring av rundskriv om lag 25 år tidlegare måtte vera bindande også for forsikringsselskapa sine vurderingar etter yrkesskadeforsikringslova. Slik lagmannsretten såg det måtte altså forvaltningspraksis ha større vekt enn lovas ordlyd og førearbeida.

Høgsterett sitt syn på saka

Ein slik rettskjeldebruk var Høgsterett ikkje samd i, då dei med eit 4-1 fleirtal konkluderte med at hendinga ikkje var ei arbeidsulukke i yrkesskadeforsikringslovas forstand. Høgsterett tilnærma seg problemstillinga med ein tradisjonell rettskjeldebruk, der dei tok føre seg både lovtekst, førearbeid, føremålet bak lova samt rettspraksis.

Som Høgsterett i den ferske dommen korrekt påpeiker, inneheld ikkje yrkesskadeforsikringslova ein legaldefinisjon av ordet «arbeidsulykke». Allereie her distanserer Høgsterett seg frå å hoppe rett inn i folketrygdlova, ved at det ikkje er vist til definisjonen av arbeidsulykke i ftrl. § 13-3 andre ledd. Dette i motsetning til både tingretten og lagmannsretten.

Høgsterett går snarare rett til førearbeida til yrkesskadeforsikringslova, og viser til at innhaldet i omgrepet «arbeidsulykke» ikkje var legaldefinert i folketrygdlova av 1966. Innhaldet i regelen var fastlagt gjennom lang praksis frå Trygderetten, ein praksis som stilte krav om at det må dreia seg om ei hending av meir markert karakter som til dømes at ein har falle, glidd eller snubla. Med bakgrunn i dei eksempla lovutvalet ramsa opp, blant anna at skader som oppstår «uten noen påviselig ytre påvirkning» ikkje vert godkjent, konkluderer Høgsterett at fall utan ytre påverknad på flatt underlag ikkje er meint å vera omfatta av arbeidsulykkeomgrepet. Dette er i tråd med den tolkinga Gjensidige gjorde gjeldande.

Føremålet bak lova talar for at skadeårsaken må skuldast arbeidet

Heller ikkje føremålet bak lova meiner Høgsterett taler for å godkjenne hendinga som ei arbeidsulykke. Sjølv om produksjonskostnadar og yrkesskadedekning på objektivt grunnlag var viktige moment under utarbeidinga av yrkesskadeforsikringslova, valte lovgjevar å trekkje ei grense for ansvaret i yforsl. § 11 ut frå skadeårsak, slik at ikkje alle skader som skjer i arbeid skal omfattast. Her går Høgsterett også inn på den samordninga som er lagt til grunn både i førearbeida og i rettspraksis, nemleg at regelen i yforsl. § 11 skal forståast på same måte som i folketrygdlova.

Men kor langt skal ein eigentleg trekkje denne samordninga? Skal forsikringsselskapa måtte innrette seg etter den tolkinga staten til kvar tid legg til grunn? Som Høgsterett påpeiker, er det ikkje spor av ei slik tolking i lovførearbeida, og yforsl. § 11c) viser at lovgjevar aldri valte å ha full parallellitet mellom yrkesskadeforsikringslova og folketrygdlova.

Ut frå dette slår Høgsterett fast at føremålet med lova trekk i retning av at årsaka til skaden må ha ei tilknyting til arbeidet eller risikofaktorar på arbeidsplassen. Ei slik tolking er fornuftig, all den tid den tek omsyn til både skadevaldar og arbeidstakar. At ein skade må ha tilknyting til arbeidslivets risiko er eit føremål som er vist til fleire gonger i rettspraksis på yrkesskadeområdet.

Ny folketrygdlov i 1997

Då ny folketrygdlov kom i 1997 fekk arbeidsulykkeomgrepet ein legaldefinisjon i ftrl. § 13-3 andre ledd. Lovutvalet meinte det var viktig å definere ordet «arbeidsulykke» i lovteksten, og lovteksten skulle svara til «den definisjon som legges til grunn i praksis i dag.» Høgsterett viser her til NOU 1990:20 side 575-576, der lovutvalet uttalte at fall på same plan ikkje vert godkjent som yrkesskade « med mindre det foreligger en ytre påkjenning». Som Høgsterett påpeiker kan ein ut frå dette tolke lovgjevar slik at det er krav om ei «ytre» påkjenning ved fall på same plan.

Ankemotparten vart dermed ikkje høyrt med påstanden om at lovutvalet hadde oversett utviklinga i trygderettspraksis før lov av 1997 kom, og at lovgjevar eigentleg meinte å godkjenne alle fall på same plan som arbeidsulykker. Som Høgsterett uttalar må ein forvente at når departementet sjølv introduserte «ytre hending» i ordlyden, var det ikkje eit ønskje frå lovgjevar si side om å lempe på kravet til arbeidsulykke.

Skuggedommen Rt-2005-1757 – ytre hending

Når det gjeld rettspraksis frå Høgsterett finst det ikkje dommar der det tidlegare er teke stilling til om fall på flatt underlag skal godkjennast som arbeidsulykke. Skuggedommen (Rt-2005-1757) er derimot vist til fleire gonger frå skadeliddesida som argumentasjon for at Høgsterett har lempa på kravet til «ytre hending» i ftrl. § 13-3 (2) når det gjeld både det markerte og det avdempa ulykkesomgrepet. Lagmannsretten synest også å blande saman det markerte og det avdempa ulykkesomgrepet i sin argumentasjon i LB-2023-58557, når dei viser til avsnittet frå LE-2005-150043 der Eidsivating lagmannsrett meiner ordlyden «ytre» hending er «sterkt svekket» etter Rt-2005-1757. Det er derimot ingenting i Rt-2005-1757 som indikerer at Høgsterett der meinte å lempe på kravet til ytre hending under det markerte ulykkesomgrepet, og det er difor ei viktig avklaring når førstevoterande i HR-2024-1982-A i avsnitt 56 uttrykkeleg uttalar at dommen ikkje er relevant i vurderinga av det markerte ulykkesomgrepet.

Heller ikkje forvaltningspraksis støttar opp om den argumentasjonen ankemotpart gjorde gjeldande i Høgsterett. Den langvarige trygderettspraksisen ankemotpart meinte eksisterte gjaldt i alt berre fire avgjerder, der ingen av desse slik underteikna ser det gir uttrykk for ein endra og fast praksis på arbeidsulykkeområdet. Førstevoterande i HR-2024-1982-A påpeiker også at rundskriva synest å gå lengre til gunst for den trygda enn det avgjerdene gav grunnlag for, og det vil då sjeldan bli aktuelt for Trygderetten å korrigere praksisen i underinstansen. Årsaka til dette er at når NAV først endrar sine rundskriv, får ikkje Trygderetten lenger problemstillinga på bordet. Når hendinga allereie er godkjent som yrkesskade hos NAV, vert ikkje vedtaket anka vidare til Trygderetten.

Tidlegare trygderettspraksis blanda markert og avdempa ulykkesomgrep

Førstevoterande er også inne på eit anna viktig moment når ein ser på eldre trygderettspraksis, nemleg at praksis før folketrygdlova av 1997 ikkje skilde mellom det markerte og avdempa ulykkesomgrepet på same måte som i dag. Les ein avgjerdene frå Trygderetten i åra før legaldefinisjonen kom i 1997, vil ein sjå at det er argument som seinare vert brukt under det avdempa ulykkesomgrepet som gjer seg gjeldande i dei tilfella ei hending vart godkjent som yrkesskade. Eit eksempel på dette er ankesak 2525/72, der Trygderetten la avgjerande vekt på at ein sjukepleiar ikkje hadde vore utsett for «en usedvanlig påkjenning eller belastning» då dei avslo å godkjenne skaden ho fekk av å svime av som arbeidsulykke. Her ser me at Trygderetten i sin tidlegare praksis tydeleg knytte årsaka til skaden opp mot arbeidet som vart utført.

Forvaltningspraksis ikkje bindande for forsikringsselskapa

Høgsterett la ikkje særleg vekt på forvaltningspraksisen ankemotparten brukte i sin argumentasjon, og viste til at praksisen er i strid med førearbeida. Rundskrivet drøftar heller ikkje rettskjeldene, og verken Trygderetten, Rikstrygdeverket eller NAV har vurdert spørsmålet prinsipielt. Ei slik praksisomlegging frå trygdestyresmaktene kan ikkje vere bindande for forsikringsselskapa, som er pliktsubjekt etter yrkesskadeforsikringslova og ikkje folketrygdlova. Dette er ei viktig presisering frå Høgsterett.

Ein lang og fast praksis som støttar opp under det synet Høgsteretts fleirtal deler finn me derimot i praksisen til Finansklagenemnda. I alle fall fram til dommen frå Borgarting lagmannsrett kom, som til stor overrasking for forsikringsbransjen førte til at Finansklagenemnda valte å leggja om sin langvarige praksis på arbeidsulykkeområdet.

Refleksjonar etter dommen

For forsikringsbransjen gir HR-2024-1982-A ei viktig avklaring når det gjeld praktiseringa av yrkesskadeforsikringslova i saker der trygdestyresmaktene har kome til ein annan konklusjon enn forsikringsselskapa. Sjølv om det i rettspraksis frå Høgsterett er uttalt at trygdestyresmaktenes standpunkt ikkje er avgjerande for forsikringsselskapet (sjå m.a. Rt-1999-1473, Rt-2007-1370 og Rt-2009-1619), er dette argument som selskapa møter i tilnærma alle saker der trygdestyresmaktene har konkludert i favør av skadelidde. Som regel er det nettopp prinsippet om samordning mellom dei to lovene som vert brukt som argument, då med ei tilvising til utsegnene i lovførearbeida.

HR-2024-1982-A er i så måte eit godt eksempel på at ei slik tolking, i sin ytste konsekvens, vil føra til at forsikringsselskapa risikerer å bli bunden til å følgja ein rettspraksis som er i strid med både lovas ordlyd og lovas førearbeid. Den tilnærminga til tolkinga av det markerte ulykkesomgrepet som Høgsterett legg til grunn i denne dommen, stadfester at forsikringsselskapa har tolka og praktisert lovregelen rett i alle år. At eit rundskriv frå Rikstrygdeverket då skal kunne endre kursen for forsikringsselskapa, strider mot ålmenn rettskjeldelære. Forsikringsselskapa har heller ikkje nokon som helst moglegheit til å påverke ei endra kursretning.

I lys av dommen er det fleire spørsmål som no melder seg. Finansklagenemnda valte å endra sin langvarige praksis på bakgrunn av dommen frå Borgarting, til trass for at det på det tidspunktet enno ikkje var avklart om dommen ville sleppa inn i Høgsterett. Vil Finansklagenemnda gå tilbake til sin tidlegare praksis, som no viser seg å vera i samsvar med Høgsterett sin praksis etter HR-2024-1982-A?

Og kva med dei sakene der NAV har godkjent skade etter fall på same plan utan ytre påverknad, og som seinare utløyser rett til utbetaling under tariffavtalane dersom skaden har medført uførevedtak utrekna etter særreglane for yrkesskade? Som Høgsterett uttalte i avsnitt 69 er det ingen omsyn bak lik praktisering av regelverket som går så langt at trygdestyresmaktene si omlegging av praksis skal vere bindande for yrkesskadeforsikringsselskapa. I tariffsaker som har sin årsak i godkjenning av fall utan ytre påverknad vil derimot nettopp NAV si omlegging av praksis vere bindande for forsikringsselskapa.

Ein kan i forlenginga av dette stille spørsmål ved kva NAV no vil foreta seg. Vil rundskrivet og den tilhøyrande praksisen med å godkjenne fall utan ytre påverknad gjerast om? Eller vil praksisen klargjerast ytterlegare og halda fram som før, med den konsekvens at den trygda også i tida framover vil få ulikt resultat i NAV og hos forsikringsselskapet for ei og same skadehending.

Må lova endrast?

Etter LO sitt syn er det derimot lovgjevar som no må plukke opp ballen. Dette grunngjev dei med at det er lite føreseieleg for den skadelidde å sitja med to regelverk som seier ulike ting. Men som Høgsterett uttalar i si oppsummering, er lovførearbeida «klare på at eit fall på grunn av sjukdom» fell utanom lova. Det er heller ingenting i verken lovas ordlyd, førearbeid eller tidlegare trygderettspraksis som støttar opp om den endringa Rikstrygdeverket gjorde i rundskrivet i si tid, og som LO meiner gir heimel for å godkjenne alle fallskader. Ein kan då spørje seg om det er to regelverk som seier forskjellige ting – eller om det snarare er eitt regelverk men to ulike tolkingar. Etter at dommen frå Høgsterett kom, er det ikkje lenger tvil om kva tolking som var den rette.

Høyesteretts sammendrag, og hele dommen, kan leses her